Sivil klareringsmyndigheit (SKM) har behov for ein brei kompetanse blant våre tilsette for å løyse samfunnsoppdraget på ein god måte. Våre medarbeidarar har kompetanse innan blant anna jus, helse og rus, samfunnsvitenskap, arkivvitenskap, informasjonsteknologi, økonomi og offentleg administrasjon. Vi ser på det som ein styrke å ha tilsette med både breiddekompetanse og djupnekompetanse.

Vi ønsker å ha ein variert samansetting av tilsette, og anbefaler alle kvalifiserte til å søke på ledige stillingar hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn. Tryggingsklarering er ein føresetnad for å vere tilsett i Sivil klareringsmyndigheit. Det er innhaldet i stillinga som avgjer til kva nivå den tilsette må vere klarert.

Klikk her for å lese meir om tryggingsklarering.

Ledige stillingar

Alle våre stillingar blir publiserte hos Jobbnorge, Arbeidsplassen og Finn i tillegg til denne nettsida. Bruk elektronisk søknadskjema i utlysninga.

Vårt samfunnsoppdrag stoppar aldri opp

SKM er ein virksomheit som har ein kritisk samfunnsfunksjon med eit spesielt ansvar for å stø opp om styring, beredskap og kriseleiing. Samfunnet har både forventningar til og behov for at virksomheita leverer sine tenester gjennom heile krisespekteret.

Klikk her for å lese meir om våre oppgåver og korleis vi er organisert

Vårt verdigrunnlag

Vår visjon er å gjere Noreg tryggare. For å nå denne visjonen har vi definert våre interne verdiar, som er med på å prege både stillingar og arbeidsmiljøet i verksemda.

 

Vi er profesjonelle

Vi jobbar kunnskapsbasert og sett standarden høgt, både faglig og etisk. Alle bidrar til konstruktiv og tydeleg kommunikasjon. Vi sikrar lik behandling og tar ansvar for vårt samfunnsoppdrag.

 

Vi er pålitelege

Vi har høg integritet og er føreseilelege med våre samarbeidspartnarar og oppdragsgivarar. Internt har vi tillit til kvarandre og er trygge på at oppgåvene blir gjennomførte, både individuelt og i fellesskap.

Vi er engasjerte

Vi blir drivne av sterk lagånd, tar initiativ og finn gode løysingar saman. Vi er handlekraftige og framtidsretta, og betrar personelltryggleiken ved å redusere innsidertrusselen. Vår arbeidskultur er prega av samarbeid og deling.

Dette kan vi tilby

Som vår medarbeidar får du jobbe i moderne lokale sentralt i Moss, fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og boliglånsvilkår i Statens pensjonskasse. Vi jobbar for å være ein attraktiv arbeidsplass som legg til rette for våre medarbeidarar.

Sivil klareringsmyndigheit er ein IA-virksomhet (inkluderande arbeidsliv). For oss betyr det at vi verdset eit godt samarbeid på arbeidsplassen for å finne gode løysingar enten det gjeld førebygging av sykefråvær eller behov for tilpassingar på arbeidsplassen.

 

Var dette nyttig?