Krigen i Ukraina skapar ein stor flyktningstraum i Europa. Det fører til at mange nordmenn blant anna ønsker å bidra med å stille eigen eigedom/rom/hytte/husly til disposisjon for flyktningar. SKM vil understreke at dette generelt sett ikkje vil ha nokon innverknad på den enkelte tryggleiksklarering.

SKM trenger ikkje varsling eller informasjon om dette i kvart enkelt tilfelle. Vi vil komme med nokre anbefalingar om kva ein bør tenke på om ein opnar sin heim:

  • Den enkelte bør sørge for at dei som det ytast bistand til er registrerte hos norske myndigheiter.
  • Det bør visast forsiktigheit med å informere dei som det vert gitt bistand til om noko meir enn det dei treng for å ha eit trygt opphald. (Ein treng derfor ikkje å opplyse om kva ein jobbar med/har tilgang til av informasjon etc.)
  • Det bør visast forsiktigheit med felles bruk av digitale plattformer, wifi-nettverk etc. med dei som det vert ytt bistand til, spesielt kombinert med heimekontor/arbeid av sensitiv karakter.
  • Vi anbefaler at verksemder oppfordrar sine (klarerte) tilsette til å ha ein god dialog mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.