Sivil klareringsmyndigheit (SKM) skal redusere sårbarheita i samfunnet og bidra til å styrke kvaliteten, rettsikkerheita og likebehandlinga i klareringssaker.

Dette gjer SKM

  • Personkontrollar av personar i sivil sektor med behov for tryggingsklarering (sikkerhetsklarering) eller åtgangsklarering (adgangsklarering)
  • Gjennomfører tryggingssamtalar med personar som treng tryggingsklarering eller åtgangsklarering
  • Oppslag i nasjonalt register

Det er god grunn til å anta at oppgåvene i SKM vil endre seg framover. Dette er fordi SKM har fått meir ansvar etter endringar i lovverk som tredde i kraft i 2019.

Samfunnsoppdrag og visjon

Sivil klareringsmyndigheit er eit direktorat og forvaltningsorgan under Justis- og beredskapsdepartementet. Som den sentrale sivile klareringsmyndigheita er vårt samfunnsoppdrag å beskytte nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidere.

Vårt arbeid skal gi merkbare effektar for samfunnet og brukarane knytt til justis- og beredskapssektoren sine hovudmål rettsikkerheit og tryggleik i samfunnet.

Vår visjon er å gjere Noreg tryggare.

Hovudmål

Våre strategiske mål for dei neste åra er:

1. Kunnskapsbasert førebygging

Vi skal gjennom riktig kompetanse sikre tryggleik i samfunnet i ei tid kor trusselbildet stadig er i endring. I tråd med regelverket skal vi fatte riktige avgjersler, slik at personell som får tilgang til skjermingsverdig informasjon og objekt er vurdert på ein måte som tar hand om nasjonale sikkerheitsomsyn.

 

2. Effektiv saksbehandling

Vi skal sørge for rettidige avgjersler, likebehandling og rettstryggleik. Vi skal utvikle direktoratet vidare slik at vi evnar å møte økt oppdragsmengde med same kvalitet.

 

3. Relevant aktør

Vi skal vere ein kompetent klareringsmyndigheit som bidrar til faglig utvikling og god bruk av ressursar gjennom heile personellsikkerheitskjeda.

 

Organisering

Vi ligg under Justis- og beredskapsdepartementet og jobbar med tryggingslova.
Vi er organisert med ein administrasjonsavdeling og to fagseksjonar direkte under direktør. Gudmund Gjølstad er direktør for SKM.

SKM blei offisielt etablert i 2018.