Om SKM
2024
Tildelingsbrev 2024 (PDF, regjeringen.no)
2023
Årsrapport 2023 (PDF)
Tildelingsbrev 2023 (PDF, regjeringen.no)
2022
Årsrapport 2022 (PDF, regjeringen.no)
Tildelingsbrev 2022 (PDF, regjeringen.no)
Revisjonsberetning SKM-2022 (PDF)
2021
Årsrapport 2021 (PDF, regjeringen.no)
Tildelingsbrev 2021 (PDF, regjeringen.no)
Revisjonsberetning SKM-2021 (PDF)
2020
Årsrapport 2020 (PDF, regjeringen.no)
Tildelingsbrev 2020 (PDF, regjeringen.no)
Revisjonsberetning SKM-2020 (PDF)
2019
Årsrapport 2019 (PDF, regjeringen.no)
Tildelingsbrev 2019 (PDF, regjeringen.no)
Revisjonsberetning-SKM-2019 (PDF)
2018
Årsrapport 2018 (PDF, regjeringen.no)
Tildelingsbrev 2018 (PDF, regjeringen.no)
Dette gjer SKM
- Understøttar og bistår verksemder i deira tryggleiksarbeid
- Gjev råd og rettleiing i førebyggjande tiltak på personelltryggleiksområdet
- Tryggleik- og adgangsklarerer over ti tusen personar per år
- Gjennomfører informasjonsinnhenting og verifiserer informasjon
- Jobbar med statistikk og analyse
- Fag- og prosessutvikling innanfor personelltryggleik
- Bistår Justis- og beredskapsdepartementet med ulike bestillingar/oppgåver
Det er god grunn til å anta at oppgåvene i SKM vil endre seg framover. Dette er fordi SKM har fått meir ansvar etter endringar i lovverk som tredde i kraft i 2019.
Samfunnsoppdrag og visjon
Sivil klareringsmyndigheit er eit direktorat og forvaltningsorgan under Justis- og beredskapsdepartementet. Som den sentrale sivile klareringsmyndigheita er vårt samfunnsoppdrag å beskytte nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidere.
Vårt arbeid skal gi merkbare effektar for samfunnet og brukarane knytt til justis- og beredskapssektoren sine hovudmål rettstryggleik og tryggleik i samfunnet.
Vår visjon er å gjere Noreg tryggare.
Hovudmål
Våre strategiske mål for dei neste åra er:
1. Kunnskapsbasert førebygging
Vi skal gjennom riktig kompetanse sikre tryggleik i samfunnet i ei tid kor trusselbildet stadig er i endring. I tråd med regelverket skal vi fatte riktige avgjersler, slik at personell som får tilgang til skjermingsverdig informasjon og objekt er vurdert på ein måte som tar hand om nasjonale sikkerheitsomsyn.
2. Effektiv saksbehandling
Vi skal sørge for rettidige avgjersler, likebehandling og rettstryggleik. Vi skal utvikle direktoratet vidare slik at vi evnar å møte økt oppdragsmengde med same kvalitet.
3. Relevant aktør
Vi skal vere ein kompetent klareringsmyndigheit som bidrar til faglig utvikling og god bruk av ressursar gjennom heile personellsikkerheitskjeda.
Organisering
SKM ligg under Justis- og beredskapsdepartementet og har et stort fagmiljø innan personelltryggleik som arbeider for rettstryggleik og tryggleik i samfunnet. Vi er organisert med ein organisasjonsavdeling, ein utviklingsavdeling og ein klareringsavdeling med tilhøyrande tre seksjonar. Gudmund Gjølstad er direktør for SKM.
SKM blei offisielt etablert i 2018.